Hilda Stenmalm er ein svensk songar fødd i Växjö. Ho vann den svenske tevlinga Stjärnskott i 2009.

Biografi Etter sigeren i Stjärnskott fekk ho ei sentral rolle i Hanna-Oke på Disney Channel, og ho fekk spele inn den offisielle julesongen «A Little Magic». Disney-stjernar som Selena Gomez, Miley Cyrus og Jonas Brothers var mellom dei som var med i videoen som ble spelt inn til songen. I 2010 signerte ho ein kontrakt med Roxy Recordings, men fortsette å arbeidde med Disney. Ho deltok i 25 Days of Christmas med Eric Saade, som gjekk på Disney Channel i desember 2010. Det var òg der ho hadde premiere på «Just One Wish», den fyrste singelen hennar.

I 2011 gav ho ut «Come the Weekend» og «Brief and Beautiful», som hele sumaren vart spelt på radio i Sverige.

Eurovision Lilla Melodifestivalen 2008 I 2008 deltok Stenmalm i Lilla Melodifestivalen 2008, den svenske uttakinga til Melodi Grand Prix Junior Nordic 2008 i Århus i Danmark. Ho deltok med singelen «Sanningens minut», og enda på tredjeplass med 78 poeng.

Melodi Grand Prix 2014 Saman med Thea Leora Oskarsen skal Stenmalm delta med singelen «Best Friend's Boyfriend» i den fyrste semifinalen i Melodi Grand Prix 2014, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen er skriven av Martin Kleveland, Lisa Desmond Linder og Jesper Jakobsen. Duoen vil framføre bidraget på engelsk, under aliaset Hilda og Thea Leora.

Kjelder

Kategori:Folk frå Växjö Kategori:Svenske songarar Kategori:Lilla Melodifestivalen 2008-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2014-deltakarar