Nina Emilie Sundbye () er ein norsk bilethoggar frå Oslo.

Ho er utdanna 1962-65 ved Statens håndverks- og kunstindustriskole, 1966-68 ved Statens kunstakademi der ho var elev av Per Palle Storm og 1968-70 ved Kungeliga Akademi för De Fria Konstnerna i Stockholm.

Sundbye debuterte på Høstutstillingen i 1967. Ho er mellom anna kjend for skulpturane sine av figurar frå teater og ballett, mellom desse karakterar henta frå Henrik Ibsen sine skodespel, og eventyrfigurar som «Tyrihans» og «Månrenen», den siste av Birgit Cullberg. I Oslo står statuar av Aasta Hansteen og Per Aabel som begge er utforma av Sundbye.

Utvalde arbeid «Poseidongruppen» i Sandefjord «Henrik Ibsen» framfor Ibsenmuseet i Oslo «De fire vindene» i Haugesund «Peer Gynt» ved Universitetet i Oslo «Puck», i bronse ved Oppsal skole i Oslo), Skulpturen av Leif Juster utanfor Chat Noir i Oslo «Per Aabel som Jean de France» ved Nationalteateret i Oslo Utsmykking av Stovner kyrkje og Fjellhamar kyrkje

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nina Sundbye» frå , den 1. april 2014.

Referansar

Kategori:Norske bilethoggarar Kategori:Folk frå Oslo