Biskopshavn kyrkje er ei langkyrkje frå 1966 i Bergen kommune, Vestland fylke. Ho er soknekyrkje for Biskopshavn menighet i Åsane prosti, Bjørgvin bispedømme. Kyrkja er bygd som eit naust av betong, tegl og tre. Arkitektar var Jakob Myklebust, Bjørn Simonnæs og Helge Borgen.
Ho har eit frittståande klokketårn vest for kyrkja. Tårnet har to kyrkjeklokker frå Olsen Nauen Klokkestøperi. Den vesle har inskripsjonen "Seilskip+anker+Oss til frelse" og den store "Fredsdue+P+Gud til ære".Alf Henry Rasmussen (red.): Våre kirker - norsk kirkeleksikon, Vanebo forlag 1993, side 394, ISBN 82-75-27022-7
Inventaret er enkelt og i tre. Kyrkja har pipeorgel frå Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk. Det er frå 1966 og har 2 manualar og pedal. I 1990 vart orgelet restaurert og bygd om til 20 stemmer av Brødrene Torkildsen Orgelbyggeri.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Åsane prosti Kategori:Kyrkjer i Bergen Kategori:Norske kyrkjer frå 1966 Kategori:Kulturminne i Bergen