Berg kyrkje eller Berg arbeidskyrkje er ei langkyrkje frå 1972 i Trondheim kommune i Trøndelag fylke. Ho ligg i Strinda sokn, Strinda prosti i Nidaros bispedømme.

thumb|left|Kyrkja frå lufta Byggverket er i mur og har 250 sitjeplassar. Arkitekt for kyrkja var Tycho Castberg.

Store delar av indre utsmykking er laga av friviljuge i kyrkja. Det gjeld mellom anna altartavla. Tavla - «Bønn» - har motivet menneske som ber rundt krossen og er eit altarteppe av Dagfrid Johnsen frå 1971.

Både preikestolen og døypefonten er i tre og frå 1987. Opphavleg hadde kyrkja eit mekanisk sløyfeladeorgel frå Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk frå 1962. I 2004 fekk ho nytt orgel med 9 stemmer og 2 manualar frå Ryde & Berg Orgelbyggeri.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Strinda prosti Kategori:Kyrkjer i Trondheim Kategori:Norske kyrkjer frå 1972 Kategori:Arbeidskyrkjer Kategori:Langkyrkjer i Nidaros bispedømme Kategori:Kulturminne i Trondheim