mini|På bortsida av fjellvatnet Zeller See ser ein til høgre gamlebyen i Zell am See, til venstre sørbyen av Zell am See
Zell am See er ein by og ein kommune i landskapet Pinzgau i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen omfattar eit areal på 55,1 km² og har i kring 9 600 ibuarar. Byen, som ligg 757 meter over havet, er distriksthovudstad i Pinzgau. Zell am See ligg på vestbreidda av fjellvatnet Zeller See.
Byen har vore busett sidan bronsealderen. I 740 grunnla kristne munkar Cella in Bisonzio her på oppdrag frå erkebiskop Johannes. Staden vart i 1357 kjøpstad og fekk byrettar i 1928.
Saman med grannekommunen Kaprun i sørvest er Zell am See ein ynda turistmål med over to millionar overnattingar per år.
Kombinertrennaren Felix Gottwald er frå Zell am See. hej
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zell am See» frå , den 14. april 2014.
Kategori:Byar i Austerrike Kategori:Kommunar i delstaten Salzburg