mini|høgre| Kart over New Zealand Great Walks.høgre|mini|Ei av dei mange strendene langs Abel Tasman Coast Track. mini|Ein alpin del av Kepler Track
New Zealand Great Walks er utvalde populære fotturruter på New Zealand. Dei er dei best tilrettelagde rutene på øyene, og går gjennom område med somme av dei vakraste naturtilhøva i landet. Turstiane held ein høg standard, og gjer det lett for turgåarar å nå somme av dei mest naturskjøne villmarksområda på New Zealand.
Hytter for overnatting langs rutene er høveleg plasserte, velutstyrte, og har god kapasitet. Både hyttene og stiane i Great Walks har ein høgare standard enn andre fotturruter i landet. New Zealand Great Walks er svært populære mellom utanlandske tilreisande, delvis fordi dei er tungt marknadsførte av Department of Conservation og turistoperatørar. Fleire av Great Walks har bookingordningar for å styra presset frå tilreisande. Guida turar er tilgjengelege gjennom private operatørar langs fleire av rutene.
Det er inga betaling, og heller ikkje trengst det løyve, for å ferdast på New Zealand Great Walks. Kostnadar og restriksjonar gjeld for overnatting, enten i hytter eller telt.
Oversikt over rutene Nordøya Lake Waikaremoana Great Walk Tongariro Northern Circuit Whanganui Journey
Whanganui Journey i Whanganui National Park er ikkje ein fottur i det heile tatt, men ein kajakktur på den lengst farbare elva på New Zealand. Den er likevel administrert under Great Walks-systemet.
Sørøya Abel Tasman Coast Track Heaphy Track Kepler Track Milford Track Paparoa Track og Pike29 Memorial Track Routeburn Track
Stewart Island/Rakiura Rakiura Track
Utvidingar
Den 45 km lange Paparoa Track blei opna som den tiande turstien i Great Walks i 2020. Dette var verta det første tillegget sidan det eksisterande nettverket Great Walks vart oppretta i 1993. Ei anna turrute, Pike29 Memorial Track, er laga som ei siderute til Pararoa-ruta. Denne ruta er til minne om dei 29 gruvearbeidarane som omkom i Pike River Mine-ulukka i 2010 .
I 2018 utlyste Department of Conservation innspel om ein ellevte Great Walk, og finalistane vart:.
Te Paki Coastal Track i Northland Queen Charlotte Track i Marlborough Sounds Hump Ridge Track i Coastal Southland
I juli 2019 vart det kunngjort at den 61 km lange Hump Ridge Track skal verta New Zealands ellevte Great Walk. Det er planlagd ei oppgradering av stien og hyttene til ein kostnad av om lag 5 millionar NZD. Målsetjinga er at denne turstien skal gå inn i Great Walks-nettverket i 2022.
Sjå òg Fotturisme på New Zealand Fotturruter på New Zealand New Zealand Cycle Trail - opphavleg tenkt som ei separat rute, men vert no ein del av «Great Rides»-systemet. mini|Emerald Lakes og Blue Lake på Tongariro Northern Circuit.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «New Zealand Great Walks» frå , den 26. juni 2014.
Bakgrunnsstoff Offisiell side frå Department of Conservation New Zealand Tramper - privat vevside
Kategori:Turstiar på New Zealand Kategori:Turisme på New Zealand