Wilhelm av Albania (), opphavleg Wilhelm Friedrich Heinrich, prins av Wied, var statsoverhovud i Albania frå 7. mars til 3. september 1914, då han drog i eksil. Regjeringstida hans blei offisielt avslutta 31. januar 1925 då landet blei erklært republikk. I Albania herska han under namnet Vidi I, men blei også kalla Skanderbeg II, i hyllest til den albanske nasjonalhelten Skanderbeg.

Wilhelm var son av den tyske fyrsten Wilhelm av Wied og Marie av Nederland. Han gifta seg 30, november 1906 med prinsesse Sophie av Schönburg-Waldenburg (1885–1936). Dei fekk to barn.

miniatyr|venstre|Wilhelm og kona hans kjem til Albania i 1914.

Wilhelm blei føreslått som albansk fyrste av moster si, den rumenske dronninga Elisabet av Wied, då stormaktene Austerrike-Ungarn, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Russland og Italia skulle finna eit overhovud for det nyleg sjølvstendige landet. Valet av Wilhelm blei annonsert i november 1913, og godkjend av den albanske interimstatsleiaren Ismail Qemali. Då Wilhelm først fekk tilbodet takka han nei, men etter austerriksk press bytta han etterkvart meininga og sa 7. februar 1913 ja til rolla.

21. februar fekk Wilhelm det formelle fyrstetilbodet frå ei gruppe framståande albanarar leidd av Essad Pasha Toptani, og fekk tittelen mbret, 'konge' eller 'fyrste'. Han kom til Albania i mars 1914 og slo seg ned i den midlertidige hovudstaden Durrës. Den nye fyrsten utpeikte ei regjering med Turhan Pasha Përmeti som statsminister og hovudsakleg adelege som statsrådar. Etter kort tid braut det ut opprør blant muslimar i sentrale Albania mot sjefsministeren Essad Pasha, og mot utanlandsk innverknad. Den greske hæren gjekk etterkvart inn i og besette Sør-Albania. Vidare tok Essad Pasha imot pengar frå Italia for å gjera opprør og avsetja Wilhelm. Pasha blei arrestert 19. mai 1914 og dødsdømd for landsforræderi, men fekk ved italiensk hjelp dra i eksil til Italia i staden.

Utbrotet av den første verdskrigen førte til endå større problem. Austerrike-Ungarn gjorde krav på albanske styrkar til å kjempa på si side, men Wilhelm nekta og viste til at Albania var erklært nøytralt i London-traktaten av 1913. Dermed mista han pengestøtten frå Austerrike-Ungarn. 3. september 1914, berre seks månader etter å ha kome, forlét Wilhelm landet att og drog til Venezia. I proklamasjonen sin om dette kalla han fråveret sitt midlertidig, men han kom aldri attende.

Wilhelm gjekk inn i den tyske keisarhæren og kjempa i verdskrigen som «hertug av Kruja», eit namn avleidd frå den albanske byen Krujë. Han gav aldri avkall på den albanske trona, Wilhelm døydde i Predeal, nær Sinaia i Romania. Han blei gravlagd i București.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wilhelm, Prince of Albania» frå , den 27. juni 2014. oppgav desse kjeldene:  

Bakgrunnsstoff Wilhelm zu Wied:Memorandum on Albania A listing of Princes of Wied since 1791 and their descendants

Kategori:Folk frå Landkreis Neuwied Kategori:Albanske monarkar Kategori:Folk frå første verdskrigen