«Hvor er du?», òg kjend som «The First Day of Love», er ein song av Jahn Teigen og Anne-Karine Strøm frå 1974. Songen er skriven av Frode Thingnæs og Philip Kruse.
Eurovision Melodi Grand Prix 1974 «Hvor er du?» deltok i Melodi Grand Prix 1974, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1974 i Brighton i Storbritannia. Songen vart framført på norsk av Jahn Teigen med eit lite orkester, og så på nytt av Anne-Karine Strøm med eit stort orkester. Bidraget vann med 48 poeng.
Eurovision Song Contest 1974
Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1974 fekk «Hvor er du?» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1974. Teksten vart skriven om, og songen fekk tittelen «The First Day of Love». Anne-Karine Strøm framførte songen på engelsk, og enda på 14. plass med tre poeng; eitt frå Sverige, eitt frå Monaco og eitt frå Belgia. Frode Thingnæs var dirigent. 17 bidrag deltok i tevlinga, men «The First Day of Love» var eitt av fire bidrag som fekk tre poeng og enda dimed sist.
Dette var fyrste gong eit norsk bidrag vart framført utan noko tekst på norsk. Strøm og hennar tre støttevokalistar, Bjørn Kruse og Philip Kruse, hadde alle representert Noreg i Eurovision Song Contest 1973 med songen «It's Just a Game», då som gruppa Bendik Singers.
Fotnotar
Kategori:Melodi Grand Prix 1974-songar Kategori:Norskspråklege Melodi Grand Prix-songar Kategori:Polydor Records-singlar Kategori:Melodi Grand Prix-vinnarsongar Kategori:Norske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 1974-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Jahn Teigen-songar Kategori:Anne-Karine Strøm-songar Kategori:Songar skrivne av Frode Thingnæs Kategori:Songar skrivne av Philip Kruse