Boracitt er eit fargelaust eller gråleg mineral, opptrer i saltførekomstar, til dømes i Tyskland. Det er eit klorhaldig magnesiumborat og har tyding som borråstoff. Mineralet finst i vene kubiske krystall som er danna ved temperaturar over 265 °C, men går over i ein rombisk modifikasjon ved lågare temperatur (sjå paramorfose).
Det er kalla opp etter boraks. Kjelder Boracitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014 frå http://snl.no/boracitt.
Kategori:Tektoborat Kategori:Magnesiummineral Kategori:Kubiske mineral