Brunjernstein eller limonitt er ei naturleg blanding av vasshaldige jernoksid, ofte i amorf eller kryptokrystallinsk form, og dannar gjerne jordaktige eller tette massar med brun farge. Det er eit vanleg sekundærprodukt som oppstår ved forvitring og oksidasjon av jernhaldige mineral, eller det kan dannast ved uorganisk eller biogen utfelling i myrar og innsjøar, til dømes som myrmalm, eller i marine avsetningar. Den viktigaste bestanddelen er mineralet goethitt, FeOOH, men ofte inngår òg hematitt og lepidokrokitt (ei polymorf form av FeOOH), og dessutan ulike forureiningar og adsorbert vatn. Som bestanddel av såkalla minettemalm er det ein viktig jernmalm. mini|venstre|Myrmalm
Kjelder Brunjernstein. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/brunjernstein.
Bakgrunnsstoff
Mineral galleries Mindat Gold and limonite
kategori:Oksydmineral kategori:Hydroksidmineral kategori:Jernmineral