MF «Stord», seinare MF «Fusa» og i dag «Shammah», er ei bilferje levert frå Hatlø Verksted i Ulsteinvik i juni 1970 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).

I november 1986 vart ferja omdøypt «Fusa I» og i mai 1987 fekk ho namnet «Fusa». Ferja vart ombygd i 1995.

Ferja gjekk i rutefart for Tide Sjø i sambandet Fjelberg-Sydnes-Utbjoa-Skjersholmane frem til 31. desember 2010. I 2013 vart ferja selt og gjeve namnet «Shammah». Ho var sist sett i februar 2014 på veg fra Florø til Lagos.

Ferjeruter 1970 - 1987: Leirvik-Valevåg-Mosterhamn, òg Leirvik-Utbjoa og Leirvik-Halsnøy-Sunde 1983: Kinsarvik-Utne-Kvanndal 1987 - desember 1997: Hatvik-Venjaneset med avbrot 1993 - 1999: Kinsarvik-Utne-Kvanndal (periodevis) August 1996: Hanasand-Talgje-Ladstein-Fogn 1997 - juli 1999: Kinsarvik-Utne-Kvanndal November 1999 - juni 2000: Halhjem-Sandvikvåg Juli 2000 - mai 2001: Kinsarvik-Utne-Kvanndal Mai 2001 - desember 2010: Fjelberg–Sydnes–Utbjoa–Skjersholmane 2011-2012: Reserveferje

Kjelder Skipet.no «Stord»/«Fusa» på Fjordfähren (tysk)

Bakgrunnsstoff «Shammah» på marinetraffic.com

Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Møre og Romsdal Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Tide-eigde fartøy Kategori:Norled-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1970 Kategori:Skip bygde ved Hatlø verksted Kategori:1970 i Noreg