Hochvernagtzpitze er eit 3 535 meter over havet høgt fjell i Ötztaleralpane i det austerrikske forbundslandet Tirol, vest for Wildspitze på fjellryggen Weißkamm. Sett frå nord og sør minner fjellet om eit skarpkanta trapes, med bratte issider mot nord. Mot vest reiser ein 500 meter høg bergvegg seg over isbreen Wannetferner.
Toppen av fjellet vart nådd fyrste gongen den 9. september 1865 av presten Franz Senn, Eduard Neurauter og Cyprian Granbichler, dagen etter at Senn og Granbichler hadde vore mellom dei fyrste på Fineilspitze.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hochvernagtspitze» frå , den 24. juli 2014.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike