Große Bärenkopf er eit 3 396 meter over havet høgt fjell i Glockner-massivet i Hohe Tauern i Alpane, på grensa mellom forbundslanda Kärnten og Salzburg i Austerrike. Fjellet har to toppar som står i kring 300 meter frå einannan; hovudtoppen er 43 meter høgre over havet enn vesttoppen.
Fjelltoppen vart vitja fyrste gongen den 18. september 1869 av den tyske fjellklatraren Karl Hofmann og kjøpmannen Johann Stüdl, i fylgje med fjellførarane Thomas Groder og Josef Schnell frå landsbyen Kals am Großglockner. Det var elles same dagen dei fire også vart fyrstebestigarar av Klockerin og Hintere Bratschenkopf, nord for Große Bärenkopf.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Großer Bärenkopf (Glocknergruppe)» frå , den 31. juli 2014.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike