Nefelin, tidlegare kalla elæolitt, er eit vanlegvis grått til raudleg mineral med glas- til feittaktig glans, utan spalteretningar. Mineralet består av natrium-aluminiumsilikat, NaAlSiO4, med ein del kalium som erstattar natrium. Det er eit feltspatoid-mineral som blir danna i silikafattige bergartar (nefelinsyenitt, fonolitt). Nefelin vert omdanna forholdsvis lett til ulike zeolittar ved påverknad av hydrotermale løysingar.
Det finst i Noreg til dømes i bergarten lardalitt nord for Larvik og i pegmatittgangar ved Langesundsfjorden og på Stjernøya i Finnmark. Nefelin er eit viktig råstoff i glas- og porselensindustrien med nefelinsyenitt.
Kjelder Nefelin. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/nefelin.
kategori:Feldspatoid kategori:Natriummineral kategori:Kaliummineral kategori:Aluminiummineral kategori:Heksagonale mineral