mini|Taffelsteinar: 3. tjukkstein & 4. tynnstein Taffelstein er ei slipeform for edelsteinar, avleidd av ei oktaederform der dei to pyramidespissane er avslipte like mykje. Forma er ofte modifisert av fasettar langs kantane. Denne slipemåten blir brukt for smaragdar og andre farga steinar. Tidlegare vart han òg brukt for diamant, som har oktaederet som vanleg krystallform. Taffelsteinar er gjerne slipt særs tynne, såkalla tynnsteinar.

Sjå òg Tjukkstein

Kjelder

Kategori:Edelsteinar