Steven Siro Vai () er ein amerikansk gitarist, låtskrivar og produsent som har selt over 15 million album. Han og kollegaen Joe Satriani er velkjende som gitarvirtuosar som ikkje berre er dugande gitaristar, men som òg nyttar forskjellige typar teknologi for å bringe gitartonane ut til publikum. Etter å ha starta karrieren sin som musikktranskriptør for Frank Zappa, spelte Vai i bandet til Zappa i to år, frå 1980 til 1982. Han byrja solokarrieren sin i 1983, og har gjeve ut åtte soloalbum og vunne tre Grammyprisar. Han har òg spelt med Public Image Ltd., Alcatrazz, David Lee Roth og Whitesnake. Som gjesteartist har han bidrege på album med blant anna Motörhead og Ozzy Osbourne. Vai har spelt med G3 som byrja å spele i lag i 1995. I 1999 starta Vai sitt eige plateselskap, Favored Nations, for å syne fram det han skildra som «... artistar som har oppnådd den høgaste dugleiken dei kan på instrumentet sitt».

Bandhistorie Inkluderer ikkje framføringar som gjesteartist.

Tidlege band The Ohio Express (1971–1972) Circus (ca. 1973 til 1976) Ravge (ca. 1973 til 1976) Bold As Love (1977)

Berklee-band Axis (1978–1979) Morning Thunder (1979)

Profesjonelle band Frank Zappa (1980–1982) The Out Band (ca. 1983) The Classified (1984) 777 (1984) Alcatrazz (1984-1986) David Lee Roth (1985–1989) Whitesnake (1989–1991)

Diskografi

Studioalbum

Flex-Able (1984) Passion and Warfare (1990) Sex & Religion (1993) Fire Garden (1996) Flex-Able Leftovers (1998) The Ultra Zone (1999) Real Illusions: Reflections (2005) The Story of Light (2012) Modern Primitive (2016) Inviolate (2022)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Steve Vai» frå , den 22. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:USA-amerikanske heavy metal-gitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Elevar ved Berklee College of Music Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Sologitaristar Kategori:Musikarar frå New York Kategori:The Ozzy Osbourne Band-medlemmar Kategori:Whitesnake-medlemmar