Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch er eit album av Frank Zappa, gjeven ut i mai 1982 og digitalt remastra i 1991. Det består av fem songar av Zappa, og ein song, «Valley Girl», skriven i lag med dottera Moon Unit Zappa, som talar ein monolog som hånar slangdialekten til jenter frå skulen hennar.
Den første halvdelen av albumet består av studioinnspelingar, medan den andre er konsertopptak. På vinylutgåva var desse to delane første og andre side av plata.
«Valley Girl» var ein av dei mest suksessrike singlane til Zappa.
Produksjon
Det meste av studioinnspelingane vart spelt inn i Zappa sitt heimestudio, Utility Muffin Research Kitchen i Los Angeles; medan konsertopptaka var frå konsertar i 1981 og 1982. Konsertopptaka var opphavleg meint for eit album det aldri vart noko av, Chalk Pie. Det vart skrinlagt etter at piratkopiar av albumet kom på marknaden.
Plateomslaget består av ei skisse som albumet fekk namn eter. Formene indikerer bokstavane 'ZA' (og 'P', sidevegs), som i 'Zappa'.
Songen «Drowning Witch» er ein av dei mest komplekse instrumentalane Zappa nokon gong skreiv med musikalske sitat frå Vårofferet av Stravinsky og kjenningsmelodien til Dragnet.
Albumet vart gjeve ut på CD av EMI med The Man from Utopia på same plate, og sidan av Barking Pumpkin og Rykodisc.
Innhald
Medverkande
Frank Zappa – Sologitar, vokal Steve Vai – gitar (omtalt som «Impossible Guitar Parts») Ray White – Rytmegitar, vokal Tommy Mars – klaverinstrument Bobby Martin – klaverinstrument, saksofon, vokal Ed Mann – Perkusjon Scott Thunes – Bass på «Drowning Witch», «Envelopes», «Teen-age Prostitute» og «Valley Girl» Arthur Barrow – Bass på «No Not Now» og den første delen av «I Come From Nowhere» Patrick O'Hearn – Bass på gitarsolo i «I Come From Nowhere» Chad Wackerman – Trommer Roy Estrada – Vokal Ike Willis – Vokal Bob Harris – Vokal Lisa Popeil – Vokal på «Teen-Age Prostitute» Moon Unit Zappa – Vokal på «Valley Girl»
Salslister
Album Billboard (USA) ÅrListePlassering1982Pop Albums23
Singlar SongListePlassering«Valley Girl»Mainstream Rock12Pop Singles32
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch» frå , den 22. august 2014.
Kategori:Frank Zappa-album Kategori:Musikkalbum frå 1982 Kategori:Barking Pumpkin Records-album