mini|upright|Hollandsk krukke, syltekrukke i keramikk. Krukke (norrønt krukka, frå lågtysk eller gammalengelsk) er typisk eit sylinderforma kar av leire, porselen, glas og anna. Dei kan ha løftehankar (øyre) i sidene eller lok. Krukker blir særleg brukt til lagring av mat og drikke som syltetøy, rømme, krydder, pasta og vatn.
Krukker har også andre bruksområde, til dømes som blåseinstrument (jug) eller rytmeinstrument (t.d. ghatam). Dei speler ei rolle i fleire hinduritual og -tradisjonar, som dansen garba.
mini|venstre|Japansk utsal med kjeks i glaskrukker.
mini|venstre|upright|Krydderkrukke i keramikk med lok, produsert på Egersund Fayancefabrik. mini|upright|Denne leiketøyskrukka frå 1890-åra viser korleis ein tidlegare lukka syltekrukker ved å binda fast eit papir eller klede over opningen. Krukkelaging i Norden Allereie i romersk jernalder blei det produsert keramikkkrukker av høg kvalitet i Norden.Cederlund (1963) I perioden 1000–1600 ser det ikkje ut til å ha vore nokon keramikkproduksjon i Noreg. Først mot slutten av 1600-talet blei pottemakarfaget meir synlig, og utover på 1700-talet fann det stad ei stor oppblomstring med pottemakarar som slo seg ned både i byar og på landsbygda.Opstad (1990).
På 1800-talet blei det utvikla glaskrukker som kunne forseglast hermetisk, slik at mat kunne lagrast svært lenge utan å rotna. Norgesglaset blei først produsert av Drammen Glassverk, og blei særs populært i Noreg på 1900-talet.
Sjå òg Potte Urne Tine Kjelder Denne artikkelen bygger på «Krukke (oppbevaringskar)» frå , den 25. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Litteratur Cederlund, Carl Olof (1963): «Keramik». Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder, Bd.8, sp. 381-387, Oslo. Opstad, Lauritz(1990): Norsk pottemakeri 1600-1900. Oslo. ISBN 82-521-3507-2 Østby, Jon Birger(1984): Nomenklatur for melkestell. Med tegninger av Torill Sand. Oslo.
May Tove Nyrud, «Trodde du at norgesglasset var norsk?», digitaltfortalt.no
Bakgrunnsstoff Se krukker i DigitaltMuseum
Kategori:Ilåt Kategori:Steintøy Kategori:Ting av glas