''Läther'' er det 65. offisielle albumet av Frank Zappa, gjeve ut posthumt som eit trippelalbum på Rykodisc i 1996.
Innspelingane for albumet vart opphavleg gjeve til Warner Bros. i 1977. Kontrakten til Zappa kravde at han måtte gje fire album for DiscReet Records, som etter kvart førte til at Läther vart delt opp og gjeve ut som fire separate album: Zappa in New York (1977), Studio Tan (1978), Sleep Dirt (1979) og Orchestral Favorites (1979), berre det første vart gjeve ut med løyve frå Zappa. Zappa hadde planlagt å gje ut desse albuma som ein firedobbel plateboks kalla «Läther», men Warner Bros. nekta å gå med på dette formatet. Piratkopiplater med dei originale innspelingane hadde eksistert i tiår før albumet omsider vart gjeve ut offisielt, etter at Frank Zappa spelte heile albumet på radio i 1977 og oppfordra lyttarane til å ta det opp på lydband.Slaven, 2003, Electric Don Quixote, s. 248.
CD-versjonen av Läther som kom i 1996 skal vere identisk testtrykkingane av det originale kvadruple albumet, men med fire bonusspor i tillegg, og tittelen på ein av songane, «One More Time for the World» vart endra til «The Ocean is the Ultimate Solution», som er tittelen songen har på albumet Sleep Dirt. Albumet har ikkje med «Baby Snakes», som var ein song opphavleg planlagt for albumet.
Utgjeving og mottaking
Den offisielle versjonen av Läther vart gjeve ut posthumt i september 1996. Det er omdiskutert om Zappa hadde tenkt å gje det ut som eit firedobbelt album heilt frå starten av, eller om det først skjedde seinare då han møtte Mercury-Phonogram;Watson, 2005, Frank Zappa. The Complete Guide to His Music, s. 49. I teksten til 1996-utgåva skriv derimot Gail Zappa «Slik det opphavleg var tenkt av Frank, var Läther alltid meint å vere ei firedobbel plate».
Allmusic og Richie Unterberger hylla albumet, men skreiv at det ville «appellere langt meir til Zappa-fansen enn til den generelle lyttaren, sjølv om Zappa-kulten - som har ønskt Läther i den originale forma si i mange år - er ganske vid».
Innhald
Medverkande Disk ein, spor 1 Frank Zappa – perkusjon George Duke – klaverinstrument Bruce Fowler – all blåseinstrument James «Bird Legs» Youman – bass Ruth Underwood – perkusjon Chester Thompson – trommer
Disk ein, spor 2; disk to, spor 7 & 10 Frank Zappa – gitar Dave Parlato – bass Terry Bozzio – trommer Emil Richards – perkusjon Orchestra conducted by Michael Zearott
Disk ein, spor 3 (part One) Frank Zappa – vokal George Duke – klaverinstrument
Disk ein, spor 3 (Part Two) Frank Zappa – sologitar Andre Lewis – klaverinstrument Roy Estrada – bass Terry Bozzio – trommer
Disk ein, spor 4, 7 & 8; disk tre, spor 6 Frank Zappa – gitar, vokal Ray White – gitar, vokal Eddie Jobson – fiolin, klaverinstrument Patrick O'Hearn – bass Terry Bozzio – trommer, vokal
Disk ein, spor 5 Frank Zappa – all gitar, bass Jim Gordon – trommer
Disk ein, spor 6 Frank Zappa – sologitar, vokal George Duke – klaverinstrument Tom Fowler – bass Paul Humphrey – trommer Ricky Lancelotti – vokal
Disk ein, spor 9; disk to, spor 1, 2, 3, 4, 6, 8; disk tre, spor 2 Frank Zappa – sologitar, vokal Ray White – rytmegitar, vokal Eddie Jobson – fiolin, klaverinstrument, vokal Patrick O'Hearn – bass, vokal Terry Bozzio – trommer, vokal Ruth Underwood – perkusjon, synthesizer David Samuels – pauker, vibrafon Randy Brecker – trompet Michael Brecker – tenorsaksofon, fløyte Lou Marini – altsaksofon, fløyte Ronnie Cuber – barytonsaksofon, klarinett Tom Malone – trombone, trompet, pikkolo Don Pardo – sophisticated narration
Disk ein, spor 10 Frank Zappa – gitar, vokal Davey Moire – vokal Eddie Jobson – klaverinstrument, yodeling Max Bennett – bass Paul Humphrey – trommer Don Brewer – bongos
Disk ein, spor 11; disk tre, spor 4 Frank Zappa – gitar, vokal George Duke – klaverinstrument Bruce Fowler – trombone Tom Fowler – bass Chester Thompson – trommer
Disk ein, spor 12; disk tre, spor 8 Frank Zappa – gitar George Duke – klaverinstrument James «Bird Legs» Youman – bass Ruth Underwood – perkusjon Chester Thompson – trommer
Disk to, spor 5 & 9 Frank Zappa – gitar George Duke – klaverinstrument Patrick O'Hearn – bass Ruth Underwood – perkusjon Chester Thompson – trommer
Disk tre, spor 1 Frank Zappa – gitar, klaverinstrument Dave Parlato – bass Terry Bozzio – trommer
Disk tre, spor 3 Frank Zappa – gitar, synthesizer Patrick O'Hearn – bass Terry Bozzio – trommer
Disk tre, spor 5 Frank Zappa – perkusjon George Duke – klaverinstrument Bruce Fowler – all blåseinstrument James «Bird Legs» Youman – bass Ruth Underwood – perkusjon Chad Wackerman – drum overdubs
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Läther» frå , den 25. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1996 Kategori:Frank Zappa-album Kategori:Rykodisc-album