Ira Newborn () er ein amerikansk musikar og komponist, mest kjend for filmmusikken han har komponert.

Blant dei mange filmane Newborn har skrive musikk for, finn ein filmen Sixteen Candles, Weird Science, Ferris Bueller's Day Off, Uncle Buck, Planes, Trains and Automobiles, Mallrats, røykfull jazz i Into the Night, der han skreiv musikk for B.B. King, og Ace Ventura: Pet Detective. Han har ofte arbeidd med John Hughes. Han var òg musikalsk leiar og produsent for The Blues Brothers. Newborn hadde ei lita skodespelarrolle i Xanadu, der han er ein bandleiar frå 1940-åra. Newborn skreiv musikk for Naked Gun-serien med Leslie Nielsen.

Newborn er òg professor ved New York University, der han sjølv tok bachelorgraden i 1972.

Blant dei mange artistane Ira Newborn har arbeidd med, finn ein Ray Charles, Diana Ross, Billy Joel og The Pointer Sisters.

Filmar The Blues Brothers (1980) All Night Long (1981) SCTV (1981) (TV) 48 Hrs. (1982) Police Squad! (1982) (TV) Sixteen Candles (1984) Weird Science (1985) Into The Night (1985) Wise Guys (1986) Ferris Bueller's Day Off (1986) Amazon Women on the Moon (1987) Dragnet (1987) Planes, Trains and Automobiles (1987) Caddyshack II (1988) The Naked Gun: From the Files of Police Squad! (1988) Uncle Buck (1989) My Blue Heaven (1990) The Naked Gun 2½: The Smell of Fear (1991) Brain Donors (1992) Tales from the Crypt (1992) (TV) Innocent Blood (1992) Ace Ventura: Pet Detective (1994) Naked Gun 33⅓: The Final Insult (1994) The Jerky Boys: The Movie (1995) Mallrats (1995) The Late Shift (1995) (TV) High School High (1996)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ira Newborn» frå , den 2. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Ira Newborn på IMDB Diskografi på discogs.com

Kategori:USA-amerikanske komponistar Kategori:Musikarar frå New York City Kategori:USA-amerikanske filmmusikkomponistar