Colette Besson () var ein fransk sprintar frå Saint-Georges-de-Didonne som vart olympisk meister på 400 meter i 1968.
Aktiv Besson overraska stort på 400 meter under dei olympiske sommarleikane 1968 i Mexico-byen. Med en gode tida 52,0 tok ho gullmedaljen framom favorittane Lillian Board frå Storbritannia (52,1)og Natalja Petsjonkina frå Sovjetunionen (52,2).
Året etter fekk Besson sølv på same distansen i europameisterskapen 1969 i Aten, slått på målstreken av landskvinna Nicole Duclos. Sølvmedalje fekk ho også i 4 × 400 m stafett, der ho som ankerkvinne vart slått i spurten av Lillian Board. Seinare klarde ikkje Besson å hevde seg i internasjonale tevlingar og la opp i 1977.
Ho døydde i La Rochelle av kreft.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Colette Besson» frå , den 6. september 2014.
World Athletics
Kategori:Franske sprintarar Kategori:Olympiske meistrar for Frankrike Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968