Pallava var eit tamilsk rike som fanst frå 200- til 800-talet sør i dagens India. Hovudstaden deira var Kanchipuram, der dei reiste ei rekkje tempel. Dynastiet reiste også kysttempla i Mahabalipuram, ein del av verdsarva.

mini|venstre|Tigerholetempelet i Mahabalipuram.

Pallavariket voks fram då Satavahanadynastiet, som dei tidlegare hadde lege under, gjekk tilbake. Riket blei mektigare under styret til Mahendravarman I (571–630) og Narasimhavarman I (630–668). Det dominerte telugu- og dei nordlege delane av tamilregionen i omtrent 600 år, fram til slutten av 800-talet.

Gjennom historia var Pallavariket i stadig konflikt med både Tsjalukyariket i Badami i nord og Tsjola- og Pandyarika i sør. På slutten av 800-talet blei riket endeleg overvunne av Tsjola.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pallava dynasty» frå , og «Pallava-dynastiet» frå den 13. september 2014.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Indisk historie