Majdal Anjar (arabisk مجدل عنجر; òg skrive Majdel Anjar eller Majdal 3njar) er ein landsby i Beqaa guvernement i Libanon. Majdal Anjar er i stor grad ein muslimsk by.http://www.mafhoum.com/press10/312P1.htm

Geografi Majdal Anjar ligg i Bekaadalen langs vegen mellom Beirut og Damaskus. Han ligg heilt på grensa mellom Libanon og Syria, der han vert kalla «Masnaa». Byen ligg kring 55 km frå hovudstaden i Libanon og 57 kilometer frå Damaskus, 970 meter over havet. Innbyggjartalet er kring 25 000. Han grensar til Sawiri i aust og sør, Anjar i nord og Dakwi og Rawda i vest.

Handel Majdal Anjar er eit viktig handelssenter i Bekaadalen, sidan han ligg på riksgrensa. Det ligg mange tollkontor i grenseområdet, i tillegg til mange butikkar og marknader.

Historie Byen har ein gammal moské kalla «Omar bin al-Khattab», bygd av Walid bin Abdul Malik bin Marwan. Majdal Anjar er kjend for den gamle katedralen, i dag berre kalla borga, som ligg på eit platå kalla Al Hosen.

Det er gjort funn i området av flintreiskap frå yngre steinalder og Qaraoun-kulturen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Majdal Anjar» frå , den 22. september 2014.

Kategori:Zahlé distrikt Kategori:Busetnader i Beqaa guvernement Kategori:Busetnader frå yngre steinalder Kategori:Arkeologiske stader i Libanon Kategori:Den fruktbare halvmånen