Al-Bireh, El Bire, Biré, El Bireh (arabisk البيرة) eller Birra (under krosstoga) er ein by i Rashaya distrikt, søraust i Bekaa guvernement i Libanon. Al-Bireh er ein del av kommunen Rashaya. Han ligg vest for vegen mellom Majdel Anjar og Rashaya. Innbyggjartalet er estimert å vere kring 9000. Han er ein liten muslimsk by med to moskear og to skular.

Den eldste delen av byen ligg på toppen av Jabal Arbi, medan den nyare delen ligg i dalen Wadi al-Taym, og vert kalla Izza. Av stader i nærleiken finn ein Rafid, Kamed, Khirbet-Rouha og Mdouckha. Byen ligg 80 km frå Beirut og 40 km frå Damaskus i Syria.

Hovudnæringa i byen er jordbruk. Byen er kjend for dyrking av oliven, mandlar, frukt og grønsaker og andre avlingar.

Historie

Det er gjort fleire funn frå Qaraoun-kulturen frå yngre steinalder i området.

Byen vart først okkupert av PLO-styrkar seint i 1970-åra, så av israelske styrkar tidleg i 1980-åra. Før den israelske invasjonen vart byen råka av fleire israelske luftåtak.

I januar 2009 vart ei gate i byen kalla opp etter presidenten Hugo Chávez, etter at Venezuela kasta ut ein israelsk ambassadør på grunn av det israelske åtaket på Gazastripa i 2008-2009.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Al-Bireh» frå , den 23. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Map of El Bire on www.discoverlebanon.com

Kategori:Arkeologiske stader i Libanon Kategori:Beqaadalen Kategori:Busetnader frå yngre steinalder Kategori:Busetnader i Rashaya distrikt