Tzelafon (hebraisk צְלָפוֹן) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nord for Beit Shemesh i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 571.
Landsbyen vart grunnlagd i 1950 av emigrantar frå Jemen. Seinare slutta emigrantar frå Marokko, som kom til Israel i 1955, seg til dei. Han vart kalla opp etter den antikke byen Tzelafon, som låg i området. Namnet kjem frå Hazelelponi, som i følgje Talmud, var mor til Samson.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tzelafon» frå , den 12. oktober 2014.
Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Busetnader i Jerusalem distrikt Kategori:Jemenittisk diaspora i Israel Kategori:1950 i Israel