Rex Cawley, eigentleg Warren Jay Cawley, () var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Highland Park i Michigan. Han vart olympisk meister på 400 meter hekk under sommarleikane i Tokyo i 1964.

Aktiv Cawley deltok i USA sitt uttaksløp på 400 m hekk føre dei olympiske leikane 1960. Med tida 50,7 sekundar vart han sjuandemann og dermed ikkje teken ut til Roma-leikane. I 1963 vart han amerikansk meister på 400 m hekk, ein prestasjon han kopierte i 1965.

I 1964 i Los Angeles vann Cawley uttaksløpet til OL på tida 49,1 sekundar, ny verdsrekord med eitt tidels sekund i høve den gamle, tilhøyrande italienaren Salvatore Morale. I finalen på langhekken under Sommar-OL 1964 vann Rex Cawley på 49,6 sekundar, briten John Cooper og Salvatore Morale fekk dei andre medaljane, begge fekk notert 50,1.

Cawley la opp som friidrettsutøvar i 1965.

Kjelder World Athletics Denne artikkelen bygger på «Rex Cawley» frå , den 14. oktober 2014.

Kategori:Hekkeløparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964