MF «Hordaland» er ei bilferje levert frå Stord Verft på Stord i juni 1979 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Ferja var då den største som hadde blitt levert til HSD med ein kapasitet på 85 personbileiningar og ei lengd på nesten 75 meter, og gjekk inn i ruta Sandvikvåg-Halhjem.
Fram til i dag har ferja vore i flåten til HSD, HSD Sjø, Tide Sjø og Norled heile vegen.
Ferjesamband 1979 - 1986: Sandvikvåg-Halhjem 1987-1988 og 1995-2000: Skjersholmane-Valevåg (B-ferje) 2000-2002: Halhjem-Våge-Bruntveit ca. 2002: Reserveferje 2002: Molde-Vestnes 2003 - 2008: Skjersholmane-Ranavik-Sunde 2007 Bruravik-Brimnes Mars 2008 - desember 2010: Skjersholmane-Ranavik 2011: Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes 2012: Årsnes-Varaldsøy-Gjermundshamn 2014: Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes
Kjelder Skipet.no «Hordaland» på Fjordfähren (tysk)
Bakgrunnsstoff «Hordaland» på marinetraffic.com
Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Tide-eigde fartøy Kategori:Norled-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1979 Kategori:Skip bygde ved Aker Stord Kategori:1979 i Noreg