miniatyr|Satellitfoto. Casablanca (spansk for 'kvitt hus', arabisk الدارالبيضاء, Dar al-Baida) er ein by ved middelhavskysten av Marokko. Han er den største byen i landet, og ligg rundt 10 mil sørvest for hovudstaden Rabat.
Sentrale Casablanca hadde rundt 3,4 millionar innbyggjarar ved folketeljinga i 2014, medan storbyområdet (den administrative regionen Grand Casablanca) hadde rundt 4,3 millionar innbyggjarar. Casablanca er eit økonomisk og kommunikasjonssenter i Marokko. Mange verksemder har hovudkontor her, og byen er det viktigaste industriområdet i landet. Hamna i Casablanca er ei av dei største kunstige hamnene i verda, og den største hamna i Nord-Afrika. Ho er også heimehamn for den kongelege marokkanske flåten.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Casablanca» frå , den 18. september 2017.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Marokko