MS «Concorde II», seinare «Tranen», og i dag «Lyse Ekspress» er ein snøggbåt levert frå Båtutrustning A/S på Rubbestadneset i mai 1988 til P/R Concorde i Stavanger.

I desember 1990 vart båten innkjøpt av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) og i mars 1991 omdøypt «Tranen». I juli 1995 vart båten seld til Fjordservice AS (Det Stavangerske Dampskipsselskap) i Stavanger. Han fekk då namnet «Lyse Ekspress». I januar 2008 vart båten overført til Tide Sjø, og er i dag i flåten til Norled.

I 2011 er båten framleis i fart.

Kjelder Skipet.no

Bakgrunnsstoff «Lyse Ekspress» på marinetraffic.com

Kategori:Norske snøggbåtar Kategori:Båtar frå Rogaland Kategori:DSD-eigde fartøy Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Tide-eigde fartøy Kategori:Norled-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1988 Kategori:Skip bygde ved Båtutrustning Kategori:1988 i Noreg