MS «Espeværekspressen» er ein snøggbåt levert frå Båtutrustning A/S på Rubbestadneset i april 1991 for Agasøster Båtservice på Rubbestadneset. Båten vart sett inn i ruta mellom Eidesvik og Espevær i Bømlo kommune. Då Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap tok over denne ruta i 1992 følgde båten med på laget og var i reiarlaget (HSD, Tide og Norled) fram til 31. desember 2013.
I 2014 tok Agasøster Båtservice igjen over båten og brukte han i rute mellom Leirvik på Stord og Ranavik og Sunde i Kvinnherad.
Kjelder Skipet.no
Bakgrunnsstoff «Espeværekspressen» på marinetraffic.com
Kategori:Norske snøggbåtar Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Tide-eigde fartøy Kategori:Norled-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1991 Kategori:Skip bygde ved Båtutrustning Kategori:1991 i Noreg