Tislavoll eller Tislevoll er ein gard sentralt i Fitjar kommune, på vestsida av det sørlege Storavatnet. I aust ligg Rydland, i sør ligg Søre Stokken, i vest ligg Storavikjo og i nord Hovstad.

Det ligg eit bedehus på området.

Historie Garden er truleg gammal, men yngre enn Hovstad, men det er ikkje gjort fornfunn som garden kan tidfestast etter.

Tislevoll har vore i privateige så langt attende som kjeldene går. Den første brukaren som er nemnd på garden var Halvard pa Tislewol i 1519.

Namn Gardsnamnet kjem truleg frå elvenamnet Tisla, som må ha vore namnet på bekken som renn i grensa mellom Tislavoll og Hovstad. Ei anna tolking er at namnet kjem av plantenament tistel. Namnet har i såfall vore Tistillarvoll i gammal tid.

Namnet har gjennom tidene vorte skriven Tislervoll, Tysleould, Tysseuoldt, Tyzloud, Thyseueldh, Tisleould, Thisleeuoldt, Thisould, Thisleould, Thistleould, Tidselould, Tidztluold, Tiztevold, Tidzlevold, Tiztlewold, Tislevold og Tidslevold. Namnet vert i dag skrive Tislevoll eller Tislavoll, som òg er daglegnamnet.

Kjelder

Tislavoll på norgeskart.no

Kategori:Gardar på Fitjar