MS «Sewol» var ei sørkoreansk ferje som kantra og gjekk ned 17. april 2014. Forliset førte til at over 300 av dei 476 som var ombord omkom, og er eit av dei største i sørkoreansk historie.«Sør-Koreas statsminister går av», DN.no (27.04.2014)
Bakgrunn Ferja blei bygd av det japanske verftet Hayashikane Shipbuilding & Engineering Co. Ltd. i 1994 og verka opphavleg som «Ferry Naminoue» (). Frå 1994 til 2012 bli ho brukt i Japan utan å ha nokon ulukker.. I 2012 blei ferja kjøpt av det koreanske selskapet Chonghaejin Marine ombygd og omdøypt til «Sewol». Ferja blei sett i rute mellom Incheon og Jeju-provinsen tre gonger i veka.
Forlis 16. april 2014 kantra «Sewol» og sokk 1,5 kilometer frå Donggeochado under ein overfart frå Incheon til Jeju. 295 av dei som var ombord blei funne omkomne, medan 9 er blitt verande sakna.
Etter forliset viste det seg at det var ei rekkje feil og manglar ved skipet. Registreringa i det sørkoreanske skipsregisteret bygde på forfalska dokument. Skipet hadde ei last på 1157 tonn (i tillegg til 124 bilar og 56 lastebilar) Dette var dobbelt så mykje last som var lov.
Også rutinane ved skipet feila under forliset. Medan passasjerane blei gjevne redningvestar, fekk dei ordrar om å halda seg i lugarane sine medan skipet var i ferd med å synka. Størsteparten av mannskapet forlét skipet før det gjekk ned. Kapteinen for skipet blei seinare dømd til 36 år i fengsel for grov tenesteforsømming og førstemaskinisten til 30 i fengsel for drap. Også andre i mannskapet og skipseigarane blei fengsla.«Sørkoreansk kaptein dømt til 36 års fengsel», NRK.no (11.11.2014)
Mange ferjepassasjerar var elevar ved ein vidaregåande skule utanfor Seoul.«300 savnet etter at ferje sank utenfor Sør-Korea», NRK.no (16.04.2014) Tidlege meldingar frå lokale utdanningsstyresmakter sa at alle elevane var blitt redda, noko som var langt frå sanninga. Etter forliset blei både styresmakter og ferjeselskapet skulda for den dårlege drifta av skipet som først gjorde ulukka mogleg og sidan gjorde henne så døydeleg gjennom dei dårlege rutinane. Den sørkoreanske statsministeren Jung Hong-won sa at han tok på seg ansvaret og ville gå av den 27. april.«Statsministeren i Sør-Korea går av etter fergeulykken i påsken», NRK.no (27.04.2014) Leiaren for det koreanske skipsregisteret, Chon Young-Kee, trekte seg den 28. april,
Viserektoren ved skulen Kang Min Kyu, som hadde organisert turen og blei redda av ferja, tok på seg skulda og hengde seg to dagar etter ulukka.Kyung Lah, «South Korean ferry victims' families ask, 'How are we going to live now?'», CNN (April 20, 2014) Ein ettersøkt eigar og leiar for ferjeselskapet, Yoo Byung-eun, blei ettersøkt av politiet for hendinga og flykta. Han blei seinare funnen død, truleg for eiga hand.«Tycoon wanted in fatal South Korean boat capsize found dead», South Korea News (22. juli 2014)
Blant sørkoreanarar blei det vanleg å uttrykka sorg, håp og støtte gjennom ei gul sløyfe brukt på profilbilde på internett, klede eller på offentlege stader.; ;
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «MV Sewol» frå , og «Sinking of the MV Sewol» frå den 25. desember 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Hendingar i 2014 Kategori:Sørkoreanske skip Kategori:Japanske skip