Mashhad (hebraisk skrift מַשְׁהַד, arabisk مشهد, Mash-hed) er ein arabisk by i Israel som ligg 5 km nordaust for Nasaret i Nord distrikt. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 6 700, hovudsakleg muslimar innbyggjarar.Population of Localities numbering above 1 000 residents Israelsk statistisk sentralbyrå, s.2.Mashhed (Israel): Description Gutterman, Dov. FOTW.
Historie Det er funne spor etter ruinar frå antikken.Conder and Kitchener, 1881, s. 413.
I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i osmanske skattelister under namnet Mashad Yunis som ein del av Tabariyya nahiya under Safad liwa. Han hadde eit folketal på 31 hushaldningar og seks ungkarar, alle muslimar, som betalte skatt for ei rekkje avlingar, inkludert kveite og bygg, frukttre, grønsaker og frukthage, i tillegg til geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 188
I 1875 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen, som han estimerte hadde opp mot 300 innbyggjarar.Guérin, 1880, s. 165 ff I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) Meshed som «ein liten landsby, bygd av stein, kring det som i følgje segnet er grava til Jona - ein låg bygning med to kvitvaska kuplar. Det bur kring 300 muslimar her, og staden ligg på ein åstopp, utan hagar. Vassforsynigna kjem frå cisterner.»Conder and Kitchener, 1881, s. 363.
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Mashad eit folketal på 356, alle muslimar,Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Nasaret, s. 38 som i folketeljinga i 1931 hadde auka til 487; 486 muslimar og ein kristen, i totalt 111 hus.Mills, 1932, s. 74
I 1945 var folketalet 660, alle arabarar, med 11 067 dekar land, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 62 Av dette var 378 dekar for plantasjar og irrigert land, 4 663 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 109 medan 24 dekar vart utbygd land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 159
Mashhad vart ein lokal kommune i 1960.
Sjå òg Arabiske stader i Israel
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mashhad, Israel» frå , den 31. januar 2015. oppgav desse kjeldene: Alexandre, Yardenna (13/1/2008): Tel Gat Hefer Final Report , Hadashot Arkheologiyot, no.120
Jaffe, Gilad Bezal’el (27/11/2012): Tel Gat Hefer Final Report , Hadashot Arkheologiyot, no.124
Porat, Leea [21/9/2006): Tel Gat Hefer Final Report , Hadashot Arkheologiyot, no.118
Bakgrunnsstoff Velkomen til Mashhad
Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel