Fredrik Hope () er ein norsk målmann og felespelar frå Hyen i Gloppen. Han vart leiar for Norsk Målungdom i 2017, etter å ha hatt fleire verv i sentralstyret i organisasjonen. Våren 2014 vart han økonomiansvarleg i sentralstyret i Norsk Målungdom, før han fungerte som nestleiar. I tillegg har han vore leiar i Studentmållaget i Bergen. Tidlegare har han vore aktiv i Firda Målungdom og Skibladner Målungdom. Til vanleg studerer han ved Universitetet i Oslo.

Utanom målsaka, er Hope elles ein driven felespelar. Han har vore aktiv i Folkemusikklaget, Hyen Spelemannslag, Spelemannslaget Fjelljom og Gloppen hardingfelelag.

Kjelder

Kategori:Folk frå Gloppen Kategori:Målfolk Kategori:Norske felespelarar