Holagjelet er eit juv i Holaelva på nordsida av Gullfjellet i Arna aust i Bergen. Juvet går frå Gullfjellet og ned til Herland i Arna der elva renn ut i Sørfjorden Herlandsvegen og E16 Hardangervegen krysser juvet på høvesvis gamle og nye Holagjel bru.
I juvet stod inntil 2010 eit kvernhus frå 1781 og i tillegg restar frå eit anna kvernhus. Arna sogelag har restaurert kvernhuset og sett det opp i Ådnatun museum i Indre Arna.https://docplayer.me/6395896-Hordaland-fylkeskommune-tilskot-til-vern-og-voling-2010.html
Namnet vart vedteke av Statens kartverk 6. september 1995.
Fotnotar
Kategori:Kløfter i Noreg Kategori:Geografi i Bergen Kategori:Arna