Jefferson City er delstatshovudstad Missouri i USA, og hovudsete i fylket Cole County. Han ligg ved elva Missouri. Byen har 43 079 innbyggjarar (2010). Han er kalla opp etter den tredje presidenten av USA, Thomas Jefferson.

Historie mini|venstre|Missouri State Capitol Building

Byen blei peikt ut som ny delstatshovudstad då Missouri blei teken opp som eigen delstat i USA i 1821. Byen var først kalla Lohman's Landing, og eit forslag til nytt namn var «Missouriopolis», før ein blei einige om Jefferson City. Byen blei bygd opp spesielt med tanke på at han skulle vera delstatshovudstad, men fram til regjeringsbygningane stod klare fungerte St. Charles som hovudstad. Då delstatsforsamlinga flytta inn i 1826, budde det berre 31 familiar i byen. I 1833 brann capitol-bygningen, men fem år seinare var ein ny bygning ferdig.

Folkesetnad Folkesetnadsutviklinga i Jefferson City:

År Folkesetnad 1840 1 174 1900 9 664 1910 11 850 1920 14 490 1930 21 596 1940 24 268 1950 25 099 1960 28 228 1970 32 407 1980 33 619 1990 35 481 2000 39 636 2010 43 079

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jefferson City» frå , den 15. februar 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Missouri Kategori:Delstatshovudstader i USA