Ein Zivan (hebraisk עֵין זִיוָן) er ei israelsk busetjing og ein kibbutz nord i Golanhøgdene og ein del av Golan regionale kommune. Kibbutzen vart grunnlagd i 1968. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.
I november 2011 var det 83 familiar (243 menneske) som budde i kibbutzen. Ein Zivan vart grunnlagd av israelskfødd ungdom frå kibbutzar. Seinare fekk dei med seg Gar'inei Nahal (Nahal-grupper) og frivillige frå utlandet.
Sjå òg israelskokkuperte territorium
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ein Zivan» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Israelske busetjingar Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1968 Kategori:Golan regionale kommune Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel