Muqeible eller Muqeibla (arabisk مقيبلة, hebraisk מֻקֵיבִּלָה, som tyder «Frontplassen»,Palmer, 1881, s.151 er ein arabisk by i Israel i Nord distrikt, i Jezreeldalen mellom Jenin på Vestbreidda og Ta'anakh-området. Han er ein del av Gilboa regionale kommune. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde Muqeible ein blanda folkesetnad med kring 3 000 muslimar og kristne ved slutten av 2005.2005 ICBS Census Israelsk statistisk sentralbyrå (ICBS).
Historie I romartida stod ein by kalla «Muqeibleh» på staden. Frå bysantinsk tid er det gjort funn av ein brunn og keramikkverkstad.Petersen, 2001, s. 223
I følgje ein lokal innbyggjarar vart landsbybuarane flytta her frå al-Haram-Sidna Ali-området i siste tida av Det osmanske riket. Guérin skreiv på 1800-talet at landsbyen hadde 400 innbyggjarar og mange cisterner.Guérin, 1874, s.327. Òg sitert i Petersen, 2001, s.223 Seinare, i 1882, skildra The Survey of Western Palestine Muqeible som «ein leirsteinslandsby med cisterner.SWP, 1882, II:45, òg sitert i Petersen, 2001, s. 223
Under folketeljinga til Det britiske mandatet i 1931 hadde Muqeible 67 busette hus og eit folketal på 244 muslimar og 26 kristne. I 1945 hadde Muqeible 460 innbyggjarar, all klassifisert som arabarar. Dei eigde i alt 2 687 dekar land, medan 4 441 dekar var i offentleg eige.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970 s.55
«Hawsh» Midt i landsbyen står ein stor, firkanta bygning, som liknar ein khan, med ein sentral gardsplass, 30 meter per side. På austsida er det ein liten port som fører inn i ein høg iwan. Andrew Petersen, ein arkeolog som spesialiserte seg på islamsk arkitektur, vitja staden i 1994, og noterte at murarbeidet indikerte at han vart bygd seint i osmansk tid eller tidleg i mandatperioden.
Sjå òg Arabiske stader i Israel
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Muqeible» frå , den 26. februar 2015. oppgav desse kjeldene: Conder, Claude Reignier og H.H. Kitchener (1882): The Survey of Western Palestine: memoirs of the topography, orography, hydrography, and archeology. London: Committee of the Palestine Exploration Fund. vol 1, vol 2 Guérin, M. V.: (1874): Description Géographique, Historique et Archéologique de la Palestine. Samarie, pt. I.
Palmer, E. H. (1881): The survey of Western Palestine: Arab and English name lists collected during the survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Translitterert og forklart av E.H. Palmer. Petersen, Andrew (2001): A Gazetteer of Buildings in Moslem Palestine: Volume I (British Academy Monographs in Archeology)
Bakgrunnsstoff Velkomen til Muqeibila
Kategori:Arabiske landsbyar i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel