«Heart of Stone» (engelsk for Hjarte av stein) er ein song av Andreas Kümmert. Songen er skriven av Andreas Kümmert og Christian Neander.
Eurovision Unser Song für Österreich «Heart of Stone» vart framført på engelsk av Andreas Kümmert i andre runde av Unser Song für Österreich, den tyske uttakinga til Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike. Bidraget gjekk vidare til tredje runde, der bidraget kjempa om sigeren mot «Black Smoke» av Ann Sophie. «Heart of Stone» fekk 78,7 prosent av røystene og vann tevlinga, men Kümmert gav sigeren til «Black Smoke» og Ann Sophie under sigersintervjuet før han skulle framføre vinnarsongen på nytt. Programleiar Barbara Schöneberger utropte dimed «Black Smoke» som ny vinnar, og «Heart of Stone» fekk ikkje representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2015.
Fotnotar
Kategori:Singlar frå 2015 Kategori:Tyske songar Kategori:Unser Song für Österreich-songar Kategori:Andreas Kümmert-songar Kategori:Songar skrivne av Andreas Kümmert Kategori:Songar skrivne av Christian Neander Kategori:Engelskspråklege songar Kategori:Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-songar