Liman () er ein moshav i Vest-Galilea nord i Israel, 5 km nord for Nahariya. Han høyrer til Mateh Asher regionale kommune og Moshavrørsla.

Samfunnet vart grunnlagd i 1949 av ei gruppe demobiliserte soldatar på delar av landområdet til den avfolka palestinske landsbyen Al-Bassa, og vart opphavleg kalla Tzahal.Morris, 2004, p. xxii, settlement #184, in 1949.Khalidi, 1992, p. 9. Sidan vart namnet endra til Liman til ære for den amerikanske senatoren Herbert H. Lehman. I 2005 hadde han eit folketal på kring 500. Dei fleste innbyggjarane driv med jordbruk.

Liman naturreservat ligg kring 1 km nord for landsbyen og dekkjer eit område på 50 mål.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Liman, Israel» frå , den 8. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel