Beit Hillel () er ein moshav for ei gruppe arbeidarar i tårn- og palisade-busetjinga i Øvre Galilea nord i Israel. Han høyrer til Mevo'ot HaHermon regionale kommune. Han ligg på vestbreidda av Nahal Snir (Hasbani), kring 5 km frå Kiryat Shmona. Moshaven er kalla opp etter dr. Hillel Yaffe, ein lege som immigrerte til Israel under den andre Aliyah.

Moshaven vart grunnlagd i 1940 som ein av Ussishkinfestningane av ei blanda gruppe immigrantar frå Europa og innfødde israelarar, men vart fråflytta etter få år. I 1949 vart han busett på ny av tidlegare soldatar.

I dag bur det kring 300 familiar i landsbyen, som lever av jordbruk, kuhald og turisme.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Beit Hillel» frå , den 18. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1940 Kategori:1940 i Palestina