Claudes syndrom er eit syndrom som skuldast hjernestammeslag som er kjenneteikna ved oculomotoriusparese, kontralateral hemiparese, kontralateral ataksi og kontralateral hemiplagi i den nedre delen av andletet, tunga og skuldra.
Årsak og symptomatikk mini|Blodforsyning til hjernestamma. Arteria cerebri posterior er merka som nummer 6, og midthjernen ligg like bak denne. Claudes syndrom skuldast vanlegvis infarkt av midthjernen som følgje av okklusjon av arteria cerebri posterior.Claude's syndrome General Practice Notebook. Vitja 28. mars 2015. Lesjonen er vanlegvis eit unilateralt infarkt av nucleus ruber og pedunculus cerebri som påverkar delar av midthjernen:
Skadd struktur Verknad fibrae dentatorubrales kontralateral ataksi pyramidebanefibrar kontralateral hemiparese fibrar i tractus corticonuclearis kontralateral hemiplegi av nedre andletsmusklar, tunge og skulder fibrar i nervus oculomotorius ipsilateral oculomotoriusparese med hengande augelok (blefaroptose) og fiksert pupill som er vid og peikar nedover og utover, ofte med diplopi
Claudes syndrom liknar veldig på Benedikts syndrom.
Andre årsaker Stenose av arteria cerebri posterior kan mogelegvis utløyse Claudes syndrom.
Historie Syndromet er oppkalla etter Henri Charles Jules Claude, ein fransk psykiater og nevrolog, som skildra tilstanden i 1912.
Sjå òg Wallenbergs syndrom Moritz Benedikt
Merknadar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Claude's syndrome» frå , den 28. mars 2015.
Kategori:Hjerneslag