Sofie Steen Isachsen (), kjend som Sophie Elise eller Sophie Elise Isachsen, er ein norsk skribent, songar og låtskrivar.

Sophie Elise vart fyrst kjend gjennom bloggen sophieelise.blogg.no, som i 2015 var ein av dei som vert mest lesen i Noreg. Ho har òg delteke i alle dei fire sesongane av røyndomsserien Bloggerne på TV 2 Bliss, og ho enda på tredjeplass i dansetevlinga Mitt dansecrew på TV 2 våren 2015.

I 2014 gav Sophie Elise ut singelen «Lionheart». I Noreg selde singelen til platina, og låg ei veke som nummer 12 på VG-lista. Den andre singelen hennar, «Love Like That», vart gjeven ut i 2015. «Love Like That» låg ei veke som nummer 27 på VG-lista.

I 2016 gav Sophie Elise ut sjølvbiografien Forbilde. Diskografi Singlar 2014: Lionheart 2015: Love Like That 2017: All Your Friends 2018: In My Head

Bibliografi Isachsen, Sophie Elise (2016) Forbilde Cappelen Damm ISBN 9788202511678 (Sjølvbiografi)

Kjelder

Kategori:Norske bloggarar Kategori:Norske songarar Kategori:Norske låtskrivarar Kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar Kategori:Folk frå Harstad