Bar'am (hebraisk skrift , tyder Son av folket) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg kring 300 meter frå grensa til Libanon nær ruinane av den gamle jødiske landsbyen Kfar Bar'am.Judaism in late antiquity, Jacob Neusner, Bertold Spuler, Hady R Idris, BRILL, 2001, p. 155 Bar'am nasjonalpark er kjend for ruinane av ei av dei eldste synagogene i Israel.Art and Judaism i Greco-Roman world: toward a new Jewish archaeology, Steven Fine, Cambridge University Press, 2005, pp. 13-14 Kibbutzen høyrer til Øvre Galilea regionale kommune.
Historie Bar'am vart grunnlagd i antikken. På eit ukjend tidspunkt etter den arabiske erobringa av området på 600-talet, men før 1200-talet, flytta den jødiske folkesetnaden frå landsbyen, som vart ein blanda landsby med kristne og muslimar kalla Kafr Bir'im. Innbyggjarane vart drivne bort av det israelske forsvaret i november 1948.Benny Morris (2004): The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited, ISBN 0-521-00967-7, p. XXII, settlement #160. I 1949, på grunn av nærleiken til grensa, tillet ikkje den nye Staten Israel å la dei arabiske innbyggjarane få flytte heim att til grensesonen av tryggleiksårsaker, og det inkluderte Bir'imref>Israel's border wars, 1949-1956: Arab infiltration, Israeli retaliation, and the countdown to the Suez War, Benny Morris, 2nd Edition, Oxford University Press, 1997, p. 124</ref> mini|venstre|Ruinar av den avfolka maronittlandsbyen. Bar'am vart grunnlagd den 14. juni 1949 for å vakte og halde grensa til Libanon av demobiliserte Palmach-soldatar. Den muslimske folkesetnaden vart tvinga bort og trass i at ein dom gav den lokale kristne folkesetnaden løyve til å bli verande, vart landsbyen bombardert og øydelagd av det israelske luftforsvaret. Kubbutzen vart grunnlagd som ein verdsleg busetnad under Hashomer Hatzair-rørsla. Kibbutzen, som har meir enn 250 medlemmar og 200 barn, veks framleis, trass i plasseringa så nær nordgrensa.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bar'am» frå , den 30. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Kibbutzar Kategori:Kibbutz-rørsla Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Rumensk diaspora i Israel