Gunnar Thorleif Hvashovd () var ein arbeidar og politikar frå Kongsberg som representerte Buskerud og Arbeidarpartiet på Stortinget i tida 1969-81.
Far til Hvashovd arbeidde på våpenfabrikken på Kongsberg. Frå 1942 arbeidde han sjølv på Kongsberg Våpenfabrikk som dreiar, arbeidskontrakten vart ikkje oppheva før enn i 1982.
Hvashovd engasjerte seg tidleg i lokalpolitikken på Kongsberg. Frå 1948 til -55 var han medlem av bystyret. I 1960 tok han på ny sete i bystyret, då som ordførar. Han beheldt ordførarombodet til 1969, då han sa det frå seg ettersom han same hausten vart vald inn på Stortinget.
Hvashovd vart sikra attval til Stortinget både i 1973 og 1977. Alle tolv åra han var stortingsrepresentant var han medlem av Sosialkomitéen. Den siste valperioden, 1977-81, var han også medlem av Fullmaktskomitéen.
Ei tid var han styreformann i Kongsberg sjukehus.
Kjelder Stortinget.no - Biografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap