Ibtin (arabisk إبطن, hebraisk skrift אִבְּטִין) er ein beduinlandsby nord i Israel. Han ligg i Nedre Galilea kring ein halv kilometer frå Kfar Hasidim og høyrer til Zevulun regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 2 680.
Landsbyen vart grunnlagd i 1965 som ein del av planen om å la beduinar i området få faste busetnader. Innbyggjarane i landsbyen kom frå Amira-stamma.
Det heilage treet U'm Ayash står i landsby, som i følgje ei segn let steinar rulle under seg kvar fredag.Dafni, A. (2007) The supernatural characters and powers of sacred trees i Holy Land J Ethnobiol Ethnomedicine. 2007; 3: 10
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ibtin» frå , den 11. april 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Arabiske landsbyar i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1965 Kategori:1965 i Israel Kategori:Busetnader i Haifa distrikt