Tolimadue (Leptotila conoveri) er ein fugl i duefamilien, endemisk for Colombia med utbreiing i små oppstykka leveområde i Tolima-departementet, mest sikkert nær hovudstaden Ibagué.

Skildring Tolimadua er ei due med mange fargesjatteringar som har glidande overganger, men oversida er mørk brun. Undersida er lys brungul, brystet i rosa. Framhovudet har lys blå fargetone som glir over i mørk gråblå nakke. Eit identifiserande kjenneteikn er kvitt område mot enden av dei ytre halefjørene. Auga er kvite med raud ring, beina er lyseraude, nebbet svart. Denne dua har kroppslengd på mellom 22,5 og 25 centimeter. Lætet er ein einsleg 'ou'-tone kvart 7-8 sekund.

Det mest kjente leveområdet er i Tolima. Tidlegare, og fram til 1952 var denne dua observert ved utspringet til Magdalena-elva i Huila-departementet. Ho skal òg ha vore observert i Cundinamarca-departementet i austlege Andes.Baptista et al. (1997) Det naturlege habitatet for tolimadua er opphavleg fuktig skog og krattskog mellom 1600 og 2255 moh., kanskje òg noko høgare. Dessutan lever ho i gjenreist sekundærskog, endatil har ho hatt reirplass i kaffitre og i buskar nær bustadområde. Klimatypen her i denne høgda er subtropisk.

Tolimadua hekkar mellom mai og september i tre, lågt over bakken. Kvart kull er på to egg.

Populasjonen er estimert til mellom 1000 og 2500 individ, og er trudd å vere minkande. Trugsmåla er mangel på naturleg habitat. IUCN har klassifisert arten som sterkt truga, EN.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tolima Dove» frå , den 26. april 2015 BirdLife International (2020) Species factsheet: Leptotila conoveri. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. mars 2025 Baptista, L.F., Trail, P.W., Horblit, H.M., Boesman, P., de Juana, E. & Garcia, E.F.J. (1997) Tolima Dove (Leptotila conoveri) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 26. april 2015

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Duefamilien Kategori:Fuglar endemiske for Colombia Kategori:Fuglar i andesregionen