English Rose er eit samlealbum av Fleetwood Mac, gjeve ut i januar 1969. Det var opphavleg berre meint for den amerikanske marknaden, og kombinerte seks songar frå det britiske albumet Mr. Wonderful (spor 1, 3, 5, 6, 8 og 11), tre singlar, som ikkje var gjevne ut på album i Storbritannia (spor 2, 7 og 12), og to songar som sidan kom ut på den britiske utgåva av Then Play On (spor 9 og 10) og ein annan song som ikkje tidlegare var gjeven ut (spor 4). Det kom ut nokre månader før den britiske utgåva av The Pious Bird of Good Omen, som hadde med fem av songane på dette albumet. Mick Fleetwood er kledd i kvinneklede på plateomslaget.
Innhald
Medverkande Peter Green – vokal, gitar, munnspel Jeremy Spencer – vokal, slidegitar Danny Kirwan – vokal, elektrisk gitar John McVie – bassgitar Mick Fleetwood – trommer Mike Vernon – produsent M. Ross – lydteknikar
Lister Album Billboard (Nord-Amerika) ÅrListePlassering1969Pop Album184
Kjelder Denne artikkelen bygger på «English Rose (album)» frå , den 12. mai 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fleetwood Mac-album Kategori:Samlealbum frå 1969 Kategori:Album produserte av Mike Vernon Kategori:Epic Records-album