«The Green Manalishi (With the Two Prong Crown)» er ein song skriven av Peter Green og spelt inn av Fleetwood Mac. Han vart gjeven ut som singel i Storbritannia i mai 19790 og nådde tiandeplassen på den britiske singellista.

Komposisjon

Songen vart skriven dei siste månadane Green var med i bandet, ei tid då han kjempa med LSD og hadde trekt seg attende frå dei andre medlemmane i bandet. Peter Green valgte å slutte i Fleetwood Mac då bandet ikkje gjekk med på å gje vekk alle inntektene sine, men ikkje før han hadde skrive «Green Manalishi», som verkar å dokumentere kampen hans mot galskapen han var ferd med å søkke ned i.Martin and Lisa Adelson, Peter Green, The Penguin: Everything that is Fleetwood Mac. Det finst mange rykte om kva tittelen «Green Manalishi» syner til, og ein er at det er ein referanse til eit mystisk LSD-dop kalla som vart nytta i 1960- og 1970-åra, men Green har alltid hevda at det handlar om pengar, som representert av djevelen."Peter Green: Founder of Fleetwood Mac", Martin Celmins, Castle Communications, 1995.

Green forklarte at han skreiv songen etter ein dop-draum han hadde hatt, der han vart vitja av ein grøn hund som bjeffa til han. Han forstod at hunden representerte pengar. «Det skremde meg fordi eg visste hunden hadde vore død lenge. Det var ein laushund og eg såg etter han. Men eg var død og måtte kjempe meg attende til kroppen min, noko eg til slutt klarte. Då eg vakna var rommet heilt svart og eg byrja å skrive songen.» Han har òg sagt at han skreiv teksten dagen etter, i Richmond Park. Visstnok klarte han ikkje å spele Robert Johnson sin «Hellhound on My Trail» etter hendinga, fordi han meinte helveteshunden i songen til Johnson var den same grøne hunde-demonen i draumen.

B-sida av singelen var ein instrumental skriven av Green og Danny Kirwan kalla «World In Harmony». Dei to songane vart spelte inn på same tid i Warner/Reprise Studios i Hollywood i California.

Konsertversjonar Ein 13 minuttar lang konsertversjon av «The Green Manalishi» vart spelt inn i februar 1970, før singelen kom ut i mai, men dette vart ikkje gjeve ut før i 1998 på Live in Boston: Remastered.

Songen vart spelt live av dei neste besetningane av Fleetwood Mac med Bob Welch og sidan Lindsey Buckingham på vokal på songen.

Medverkande Peter Green – gitar, vokal, 6-strengsbass Danny Kirwan – gitar John McVie – bassgitar Mick Fleetwood – trommer, gong

Jeremy Spencer skal ikkje ha vore med på innspelinga, men var i studio då Green spelte inn dei skumle hyla mot slutten av songen, i følgje eit intervju med Spencer i Peter Green-dokumentaren «Man of the World».

Andre versjonar Judas Priest-versjonen Heavy metal-bandet Judas Priest spelte inn songen i 1979 for albumet Hell Bent for Leather (den amerikanske versjonen av Killing Machine) og har blitt så identifiserte med dei at mange trur det er ein original Priest-song. Første gongen songen vart gjeve ut verda over var på konsertalbumet Unleashed in the East, som kom året etter. Ei nyinnspeling av songen finst òg som bonusspor på den tyske og australske utgåva av albumet Demolition frå 2001. Bandet spelte songen på Live Aid på JFK Stadium i Pennsylvania i 1985. Denne versjonen er spelt med ein dobbel gitarsolo av Glenn Tipton og KK Downing.

Andre versjonar Songen er blitt spelt inn av forskjellige andre artistar og band: Corrosion of Conformity i 1983 på albumet Eye for an Eye. Arthur Brown i 1997 på hyllestalbumet Rattlesnake Guitar: The Music of Peter Green. Steel i 1998 på Heavy Metal Machine EP. The Melvins i 1999 på albumet The Maggot The Electric Hellfire Club i 2001 på samleplata An Industrial Rock Tribute to Judas Priest. The Need i 2001 på samleplata The Structure of Scientific Misconceptions/The System of Scientific Misconstructions Therion spelte inn Judas Priest-versjonen av songen i 2002 på hyllestalbumet A Tribute to the Priest. Ian Parker i 2005 på konsertalbumet ...Whilst the Wind. Sonny Moorman i 2008 på albumet Live as Hell The Entrance Band i 2012 på samlealbumet Just Tell Me That You Want Me - A Tribute to Fleetwood Mac.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Green Manalishi» frå , den 14. mai 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Fleetwood Mac-songar Kategori:Judas Priest-songar Kategori:Bluesrock-songar Kategori:Hardrock-songar Kategori:Psykedeliske rockesongar Kategori:Songar skrivne av Peter Green Kategori:Reprise Records-singlar Kategori:Arthur Brown-songar