Folkehøgskolen Nord-Norge (nordsamisk Álbmotallaskuvla Davvi-Norga), tidlegare Soltun folkehøgskole, er ein kristen folkehøgskole som ligg på Evenskjer i Tjeldsund kommune i Troms fylke. Skolen vart etablert i 1974 etter initiativ av Ivar B. Larsen og Tore Meistad.
Soltun hadde i starten profilen «Integrering mellom funksjonsfriske og funksjonshemmede». På 1990-talet hadde skolen ein jamn nedgang i elevtalet. Noko av grunnen var Reform-94 som innebar eit større fokus på vidaregåande læring og integrering i den vidaregåande skolen.
Hausten 2015 fekk skolen ny eigar, Norges KFUK-KFUM, og namnet vart endra til Folkehøgskolen Nord-Norge. Skolen satsar mellom anna på samisk kultur, og skal arbeide for å fremme det samiske og andre urfolk.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Folkehøgskular i Troms Kategori:Kristne skular i Noreg Kategori:Skipingar i 1974 Kategori:Tjeldsund kommune